Av Guro.
No har vi lest dei siste sidane i Soga om Gunnlaug Ormstunge, frå side 32 til 37, den avsluttende delen.
Her handlar det om at både Ravn og Gunnlaug har kome til Norge, Ravn litt før, og Gunnlaug reiser etter han, dei plassane han har vore. Til slutt tek Gunnlaug han igjen heilt til Sul, øverst i Verdalen, og dei har ein holmgang. Først drep Gunnlaug Ravns frender, deretter drep Ravn Gunnlaugs frender. Då står dei to igjen. Gunnlaug hogg beinet av Ravn, som ber instendig om at kampen skal fortsette, om han berre kunne få litt å drikke. Gunnlaug hentar vann i hjelmen sin, godtroande som han er, dette visar seg å være dumt, då Ravn hogg han i huet. Gunnlaug følar seg snytt, og drep Ravn med ei gong.
Gunnlaug blir ridd til Levanger, der låg han i tre dagar og fekk alle teneste av presten. Så døydde han, og vart gravlagd ved kyrkja. Far til Gunnlaug, Illuge, krev bot frå Ånund, far til Ravn, og drep en frend av Ånund, og kutter foten av ein annen. Broren til Gunnlaug synes ikkje dette er bot nok, og drep ein nevø av Ånund, som og het Ravn. Og med det ender bøtane.
Etter ei tid blir Helga gifta til ein som hette Torkjel Hallkjelsson, men ho klarte aldri å leggje nokon større elsk til han, for ho kunne aldri gløyme Gunnlaug, enda han var død, og Torkjel var ein aldri så kjekk kar. Av og til brette Helga ut kappa ho hadde fått av Gunnlaug og stirte lenge på henne. Ein gong ho vart sjuk sendte ho bud på kappa. Og då kappa kom til henne, sette ho seg opp, breidde henne ut og såg på henne ei stund. Så seig ho tilbake i fanget til husbonden sin, og var da død.
Slik endar soga om Gunnlaug Ormstunge. Det var ein trist slut får ein si, i og med at de fleste hovudpersonane døydde.
(Sjå, no hugsa eg å skrive på nynorsk også :) )

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar