Av Guro
I novella er det tydeleg ein open slutt. I slutten er det skreve: ”Ho stod foran spegelen og raka tunge til sitt eiget andlet.” Ho har slutta å kalle spegelen for ”trollspegel”, så no er det berre ein heilt vanleg spegel. Ho har komma seg ned på jorda, frå ho var heilt oppe i skyene om at han skulle kome heim. No kan mykje skje, han kan til dømes komme opp til ho etter ein stund og si at han elskar henne, og alt er rosenrødt. Det kan nemleg hende at han berre trengte litt tid med avisene først, og deretter er veldig klar for å tilbringe tid med ho. Eg trur nemlig han elskar henne eigentleg, men var veldig sliten etter reisa, og trengte å slappe av litt først. Viss han ikkje hadde kome heim sliten så kan det hende han hadde hoppa i armane hennar og oppført seg akkurat slik ho hadde håpa på.
Det er i alle fall veldig tydeleg at vi har ein open slutt her, i og med at ho står på soveværelset og begynner så vidt å gråte, vi veit ikkje om hun kommer til å ”svelgje” dette eller begynne å hylgrine. Vi veit at ho følar sår medlidenheit akkurat no, men ikkje noko om kva som skjer vidare. Det er ingen frampeik som tydar på noko som helst.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar